lørdag 27. august 2011

Koseklump

Oliver har vist oss at han faktisk er ganske så kosen. Titt kjem han for å ligge i fanget, og bryr seg ikkje lenger om det kjem andre opp og må dela plassen med dei.
Han likar også å vera med ungane, og bryr seg lite om han ligg midt i sjølve "leiken". Dei bare inkluderer han og han ser ut til å storkose seg. =)

onsdag 24. august 2011

Forts. sånn går no dagan

Siden forrige innlegg har me vore på tur kvar dag utenom 1. Oliver er super å ha med seg på tur, og går som den prinsen han er, veldig veldig fint. Thassie flakke fremdeles frå side til side og har knapt tid til å lukte seg ferdig før hu spurtar vidare.
Oliver og Thassie brukar dagane til masse leik, og til tider kan det bli litt voldsomt for meg som ser på. Heldigvis bytter dei på å synast det blir for voldsomt, og begge to er flinke til å avslutte leiken.
Tanja har også byrja å leike med Oliver, noko eg syns er svært kjekt i og med at hu ikkje gjer slikt lenger. Ho har dei siste dagane fått metacan'en sin igjen, og nå ser eg stor forskjell. =) Heldigvis til det betre.
Oliver blir god og kosete på kveldane, og i går kom han heilt opp på magen og la seg for litt kos. Ikkje lenge, men nok til at det blei varm for både han og meg. =)
I verste oppussingstid kjem både han og Thassie og held meg med lag, men det blir nok litt lite action for dei då, for dei endar alltid opp med å sovne i gongen. Ellers er han tidlige til å ta kveld. Som regel ruslar han inn i buret sitt rundt 22.30. 
Her ein dag sto han på alle fire og løfta den eine foten som om han skulle vinke.. Eg sa nokre godord til han og klødde han under haka, og då eg tok bort handa igjen, byrja han å vinke igjen... hehe.. 3 gonger gjorde han dette, så eg syns det var ein herlig måte å vinke på.
Idag tok eg ein liten filmsnutt som virkelig gjenspeiler korleis dagane her er med Oliver. Han er alltid med oss, inviterer oss til leik, og leiker med Thassie når han ikkje vil med oss meir. =)
Skjønnaste Oliver altså.





Alle samen har et veldig godt forhold, og har ingenting imot å slappe av i sofaen i samen.





lørdag 20. august 2011

Sånn går no dagan

Me har hatt nokre dagar på å gå oss til nå, og dette er så strålande. Thassie er i verste løpetid, og Oliver vett han skal gjera noko og har gitt sine beste forsøk. Eg har ikkje bare latt dei halde på, til tross for at Oliver er kastrert, så det enklaste har vore å ropa på Thassie. Så har det heile gått over i leik i staden for “humping”.
Dei har kost seg, begge to elsker å ligge ute i sofaen og slappe av.. =)
Thassie ligg her og ser på Oliver, og han ser tilbake på henna..



Idag, lørdag, var me ute på joggetur. Dette fungerte kjempefint, og begge hundane fulgte bra med. Me møtte ein Drever som drog mot oss, men begge hundane gjekk fint og ga ingen lyd då me passerte. =) Oliver er så superflink til å gå i band, og eg ser at både eg og Thassie har ting me skal øva oss på.
I morgon blir det ny tur, men då med Lea på sykkel, og sikkert mykje lenger enn desse 45 minuttene som det var ikveld.

torsdag 18. august 2011

Feriebloggingen har starta

Eg tenkte her å skrive litt om korleis Oliver har det når han er på ferie hjå oss, slik at det blir lett å halde seg oppdatert for eigar. =)